EI HJARTESAK

Juleandakt av Geir Gundersen

Geir Gunderse 2.

Eg sit og tenkjer på tradisjonar. Korleis det er i vår vesle, store familie når vi samlast til måltid på julekvelden.

Eg tenkjer: det er slik i (nesten) alle familiar denne kvelden, vi praktiserer eller prøver å finne ein måte som forankrar oss i noko som er gitt oss og som vi gjerne vil gi vidare. Hos oss er ei sak klar. Same kor svoltne vi er, same kor utolmodige dei små er, det blir ikkje noko måltid før vi har lese Juleevangeliet og sunge salmen av Brorson: Mitt hjerte  alltid vanker i )esu føderom.

Det høyrer med eit lite ordskifte om kor mange vers vi skal synge. Men det blir same konklusjonen kvar gong: vi syng alle åtte versal Det får stå til.

Vi er ikkje aleine om denne tradisjonen. Vi er i alle høve ikkje aleine i vår kjærleik til nettopp denne julesalmen, det er ei gåte i seg sjølv at denne gamalmodige teksten er så populær. No sit eg her – i ei stille stund – og les den roleg på nr. 3B i Norsk Salmebok. Eitt ord stig i medvitet, ordet HJARTESAK.
Roser 7.Brorsons tekst set hjartet i rørsle, den må syngast innan- ifrå, den inviterer den syngande til kontakt med sentrum i livet sitt. Det er Hjartet som held seg  i Jesu  føderom, det er Hjartet som gjer den mørke stallen til sitt «frydeslott», det er Hjartet – ikkje hovudet som undrar seg  i stendig nye vendingar over at Gud vel det vesle, det som ikkje er noko når himmelens fryd og ære, skal avdekkast.

Men her er meir: det hjartet som går omkring i mysteriet, vender seg til slutt mot seg sjølv i eit inderleg, lysande ønskje:

 Kom, la min sjel dog finne
sin rette gledes stund,
at du er født herinne
  hjertets dype grunn!»

 Framtidas kristne blir anten mystikarar eller slett ikkje kristne – det skreiv den katolske teologen Karl Rahner i førre hundreåret. Ta vare på hjartet framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det. Slik skreiv Vismannen i Ordtøka 4,23.

Kjære ven: Det er ikkje styrken i tradisjonar som vil avgjere den kristne trua sin plass i samfunnet vårt. Det er slett ikkje styrken i politisk makt og mynde. Det er dei kristne sin måte å vere i verda på, innanifrå, den friske straumen frå eit omvendt hjarte der Frelsarbarnet er født, bur og lever. Kvar stund.
Frå badet «Stille stunder»

114. Hjerte med kors 3

 

 

 

 

 

 

Geir Gundersen er teolog og prest, har hatt ulike leiarstillingar, var i ein del år generalsekretær i Blå Kors. Er av mange kjend som ein god andaktshaldar i morgonstunder på NRK P.  Artikkelen er hentet frå bladet Stille Stunder.

 

Mitt hjerte alltid vanker

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt

Akk, kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
Og full av lengsel sukke, kom Jesus dog her inn
Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt
Så skal du blive trolig, her i mitt hjerte svøpt

Jeg gjerne palmegrene vil om din krybbe strø
For deg, for deg alene jeg leve vil og dø
Kom la min sjel deg finne sin rette gledesstund
At du ble født her inne i hjertets dype grunn.