Kategoriarkiv: Dikt

Du får koma til Jesus!
Du får koma til Jesus med det som er tungt, Med di synd og di sorg og din sut! Du skal vita forvisst: Om du kjem som du er, skal han slett ikkje støyta deg ut.

Du får koma til Jesus i motgang og tvil, og når nedbøygd i mismot du går. Han vil kveikja deg din hug, Han vil tendra ein smil Og for vinter deg gjeva ein vår.
Du får koma til Jesus når gale det gjekk, du får koma for tusende gong. Han vil reise deg opp, han vil gle deg igjen, Han vill fylla dit hjarta med song.

Du får koma til Jesus i ungdommens tid, I din manndom og når det vært kveld. Du får koma til Jesus når sola gjeng ned, Og dei nattsvarte skuggane fell.

Du får koma til Jesus i Faderens hus, Der hans herlegdom skal du få sjå. Du får vera hos Jesus til æveleg tid. Sei, kva meir kan du ynskja deg då?
Trygve Bjerkrheim (Sangboka 148)

Jesus på korset:

Det er fullbrakt!
De engang avhandlede sager
man atter for dommen ei drager.
I skriften ei heller befales
At gjelden to ganger betales.
(Petter Dass)

Eg sat ein kveld attmed di seng
og las i bibelbok.
Din barnetanke på si veng
dei lange leier tok.

Eg minnest kor fortenkt du var
og orda som du fann.
Du spurde: Er det noko, far,
som Jesus ikkje kan?

Nei svara eg, Guds eige ord
om Jesus har fortalt
at han er Gud, allmektig stor
og difor kan han alt.

Men sidan laut en tenkje vèl
på dine barneord.
Då tenkte eg meg glad og sæl,
eg såg ei sanning stor:

Han kan kje vise nokon ut
som vender seg til han.
Sin unders kjæleik, vesle gut,
han ingen nekte kan.

Han råder over tid og rom,
han rår med evig makt,
men all hans makt og herredom
er kjærleik underlagt.
Gerd Grønvold Saue