MITT LIV MED GUD.

Leif Kaslegard fra Torpo I Hallingdal var i mange år forkynner, ungdomssekretær og kretsleder i Indremisjonsselskapet, nå Normisjon.
Nå er han pensjonist, men forsetter som forkynner i nærmiljøet. Han innehar Kongens fortjenestemedalje for lang og tro tjeneste.
Leif Kaslegard

Eg vart født inn i livet med Gud den 31.10. 1937. Eg var tre veker gamal og eg hugsar ingen ting av det som hende den dagen. Eg veit berre at eg vart døypt til livet med Gud i den heilage dåpen i den treeinige Guds namn. Så langt eg kan hugsa attende, har eg rekna med Herren Gud i mitt liv.

Eg gjekk på sundagsskule og på Yngres og eg gjekk saman med dei vaksne på møte på Bedehuset og til gudsteneste i kyrkja.
Av dei vaksne sine vitnemål høyrde eg at dei sleit med synda og med å tru at dei var tilgjevne. Sjølv såg eg ikkje at eg hadde noko særleg å be om tilgjeving for når eg var gutunge. Difor var det ein liten periode at eg laug litt til småbrørne mine så eg hadde noko synd som eg måtte sanna for Gud i Himmelen og be om tilgjeving for.
Døpefont 1
Denne tilstanden endra seg etter kvart. Snart var problemet tvert i mot at mi synd var så stor og skræmande at eg ikkje trudde det var von om redning for meg.

Då var det godt å få høyra vitnemål frå eldre kristne som sleit med dei same tankane som eg, og som hadde hjelp å gje. Eller prestar og andre forkynnarar som tala på gudsteneste i kyrkja og på Bedehuset.

Den dag i dag takkar eg Gud for den forkynninga me fekk ta imot den tida av bibeltruande og varme forkynnarar. Dei hadde eit lager av evangelieord frå Bibelen som eg tok fram for meg sjølv, f.eks.1 Joh 1, 6 – 9: «Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd. Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.»    Dette var klare og tydelege evangelieord som ein kjempande undom hadde bruk for.

Eg fann òg mykje trøyst i sang- og salmeskatten vår, der m.a. Per Nordsletten sine gode, evangeliske songar gjekk meg rett til hjarta, t.d. denne på nr. 461 i Sangboken: «O min Frelser så kjær, hvor elendig jeg er med et hjerte fordervet av synd! I fra hode til fot, hjertets innerste rot kun  en eneste masse av synd.» Også vers 3: «O min Frelser så kjær, kan du, slik som jeg er ta imot meg og feste til brud? Og kan du ha meg kjær selv så heslig jeg er, da er du en forunderlig Gud!»

Det er ikkje mykje lyspunkt eller von om frelse her før det bryt igjennom eit glimt av lys i dette verset. Og den fortapte syndaren tek til å ana at det er likevel redning, for vår Gud er verkeleg ein forundeleg Gud!   Også kjem det livsskapande evangeliet i fjerde vers: «Ja, ditt ord sier så at jeg nåde skal få, at du ikke min synd minnes mer. Ditt velsignede blod gir meg nåde og mot til å tro at min brudgom du er!» Det er Ordet som ved Anden minner om at Gud gjev meg nåde til å tru, at til og med eg for Jesu skuld  skal få kvila i hans fullkomne frelse!
Sangboken 2

Eg kjenner meg priviligert og takksam for at eg fekk veksa opp i eit slikt trygt og ope venesamfunn på Bedehuset. Der opplevde eg omsorg og oppmuntring og der fekk eg hjelp til å leva og å veksa som kristen.

LIVET MED GUD er ikkje eit stilleståande liv. Det er eit liv i Guds sæle fred, tryggleik og rikdom. Og det er eit liv i åndeleg armod i kamp og strid  mot mørkemaktene i meg og rundt meg. Og mot tvilen, som øydelegg freden, stel tryggleik og frimot og jagar mi skjelvande tru på dør. Eg har slåss mot tvilen i heile mitt vaksne liv.  I blant har det vore så gale at eg opplevde at den vesle fliken eg hadde av tru hadde rakna, smuldra til støv,  himmelen var svart og stengt og Gud var taus, borte!

Eg sat i bilen min 100 meter frå bedehuset eg skulle tala på om ein time, og eg trudde ikkje på det eg skulle tala om! Eg gjorde meg klar til å seia farvel til Jesus som hadde fylgt meg sidan min dåpsdag. Tida stod stille! Så såg eg i ein augneblink kva som heldt på å henda: Skulle eg snu ryggen til den Jesus eg lærde å kjenna i min barndom? Han som alltid var der med si hjelp? Den Jesus eg hadde gitt mitt liv og mi teneste til? Den Jesus som kjende meg ut og inn, betre enn noko menneske, og som likevel elska meg!  Han som alltid tok i mot meg, anten eg kom i sorg eller i glede?! Det gjekk då ikkje an!!! Det fekk ikkje hjelpa om eg ikkje meinte eg trudde på han, eg kunne ikkje leva utan han!!!

Det var kanskje den gongen eg vart minna om strofa frå ein gamal sang: «Nei, for all den ting jeg visste kan jeg ei min Jesus miste!» Eg kan ikkje meir av denne songen, men den strofa vart mi den kvelden. Det har vore mitt vitnemål etter kampen og opplevinga den mørke februarkvelden.
 Så kunne eg køyra dei 100 meterane til bedehuset og tala. Eg hugsar ikkje kva eg tala om på det møtet, men eg hadde fått att freden og tryggleiken i det guddommelege fellesskapet med min himmelske Far og Bror.   
Bedehus 1.                                                                                                          Bedehus
Det er 40 – 50 år sidan eg opplevde dette, og dette var fyrste gongen eg var i det som kan kallast ei truskrise. Eg har ofte hatt liknande opplevingar av truskamp seinare, om det ikkje har vore så dramatisk som den gongen. Det kan henda eg treng slike opplevingar i blant så ikkje trua skal sløvna og bli stilleståande. Men så hender det og at eg får oppleva den dyre freden som Gud gjev av berre nåde!
Den «Guds fred, som går over all forstand,» som det står i Fil 4,7.  Denne velsigna himmelskatten som skapar tryggleik og glede i livet til ein tilgitt syndar.

 Det er mykje som manglar i mitt kristenliv av frimot til å vitna, av kraft til å tena og av siger og framgang i kristenlivet. Det får vera det same med alt anna, berre eg får klynga meg til Jesus og leva tett saman med han i liv og i død. Då trur eg med ei skjelvande visse at eg skal få fylgja min Jesus ut av dettn livet og inn i den evige herlegdomen der eg får sjå han i all hans glans og velde. Og eg skal bli han lik og få prisa han på fullkome vis saman med alle hans heilage!

Bibel 16

HALLELUJA, AMEN!
Leif Kaslegard