VENTE

Kor eg har venta på deg!
At du skulle
gjere inntog i livet mitt
ridande på ein stolt, kvit hest,
og drive bort
alle fiendemakter som har okkupert
mi sjels landskap.

Men du kjem
Stille
på eit esel.
Dårskapens dyr.
”Hosianna”
stivnar på tunga.
Kan det være du herre?

Kor eg har vanta på deg!
At du skulle
kome som herskar og fyrste
og løfte meg opp av det smålege.
Opna livet
for meg
som du ein gong
førte Israel gjennom havet.

Men du kjem
krypande
gjennom Via Dolorosa.
Forakta av alle.
”Krossfest”
ligg på tunga.
Kan det væra du, Herre?

Kor vi har venta på deg!
At du skulle gje framgang og posisjon
til ditt utvalde folk,
di kyrkje
til alle tider,
så det kan bli vitterleg
at det er vi som har rett.

Men du kjem
Usynleg
i brød og vin
til knebøygde mennesk
”Kyrie”
Kviskring på tunger.
Kan det være du, Herre?

Kor vi har venta på deg!
At du skulle
vere eit svar
på våre gåter.
At du –
på underfullt vis
skulle utfri Job,
den enno lidande.

Men du kjem
alminnelg
fødd inn i slektene.
Du er Job. Du er Jehova.
”Gloria”
På alle folks tunger!
Ja, det er du, Herre!
Ukjent