liljekonvall 2

EG SER DEG GUD

Eg ser deg, Gud, i kvar ein blom som tirer / I fagre fargar mellom stein og strå./ Som alle opp mot sol og himmel stirer / Med hjarte smil som barneaugo små.

 Eg ser deg, Gud, i kvar ein bekk som skummar / I kvite fossar mellom knaus og koll / Og kler si brudeskaut den unge sumar / Og syng sit liv utover vang og voll.

 Eg ser deg, Gud, i kvar den tind som syner / Eit bilet av din stordom og din glans./ Når soli honom med sin gullkrans kryner / Og snøen bind av sylv sin glitrekrans.

 Eg ser deg. Gud, i alt det liv som yrer / Kring jordi all og høgt i stjernesveim./ Eg ser kor vel du skipar alt og styrer / Som kjærleg Fader i ein barneheim.

 Eg ser deg, Gud, og i mitt auga skjelver / Ei gledeståre, for du har oss kjær,/ Og over oss så fager himmel kvelver / Og gav til heim oss slik i fager verd.