Eg sat ein kveld attmed di seng
og las i bibelbok.
Din barnetanke på si veng
dei lange leier tok.

Eg minnest kor fortenkt du var
og orda som du fann.
Du spurde: Er det noko, far,
som Jesus ikkje kan?

Nei svara eg, Guds eige ord
om Jesus har fortalt
at han er Gud, allmektig stor
og difor kan han alt.

Men sidan laut en tenkje vèl
på dine barneord.
Då tenkte eg meg glad og sæl,
eg såg ei sanning stor:

Han kan kje vise nokon ut
som vender seg til han.
Sin unders kjæleik, vesle gut,
han ingen nekte kan.

Han råder over tid og rom,
han rår med evig makt,
men all hans makt og herredom
er kjærleik underlagt.
Gerd Grønvold Saue