himmelen-med-hjerte

 SKAPERVERKET

Verdensromet er som en stor katedral
av mektige dimensjonar.
Og i den herlige tempelsal
Eit høgt halleluja tonar,
til han om har skapt båe himmel og jord.
Dei sto fram på hans veldige guddomsord.

Soler og stjerner dei syng Herrens pris.
Og kvelver fortel hans æra
Kvadet gir gjenlyd i paradis.
I songen dei med vil væra.
All skapning lovsyng hans herlege verk,
som han gjorde med allmaktshand vis og sterk.

Herren Gud nok ventar tilbeding frå deg,
du, skaparverkets si krona.
Skulle vel ei frå din vandrings veg
eit høgt halleluja tona?
Berre dei som her hylle den høge drott,
Skal i æva få bu i hans lyse slott.
Trygve Bjerkrheim.

lovprising 2.