GUDS NÅDE

Å kor djup er Herrens nåde, som eit hav, så djup og vid!
Å kor kjærleg er hans rettferd, som kan meir en gjere fri!

Det er ingen som kan kjenne våre sorger slik som Gud,
Ingen domar som så venleg slettar brot og synder ut.

Det er rikeleg forløysing I vår Jesu dyre kross.
Det er sang og evig glede I det blod som rann for oss.

Og vart hjarta fylt av kjærleik Ved vår tru på ordet hans,
Då vart livet til ein stråle Av Guds herlegdom og glans.

Fredrick W. Faber, Arve Brunvoll